Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han blir også mykje brukt som programleiar/konferansier.
Han har blitt nominert til Spelemannspris to gonger, den fyrste for debutplata Ein visefugg, og den andre for albumet 12 dagar i jola.

Aasmund hentar repertoaret sitt på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blåsi nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt.

På konsert med Aasmund vil som regel publikum få servert både alvor og skjemt. Uhøgtidleg og laus snipp, men med ei seriøs tilnærming til stoffet, kan kanskje vera ein god karakteristikk av ein konsert.

I 2015 gav Aasmund ut ei joleplate i lag med Gunnhild Sundli. Sæle jolekveld er ei plate der jolesongane har fått folkemusikalsk dåm. Plata fekk svært god mottaking. I 2016 er det tredje året på rad at Gunnhild og Aasmund turnerer med Sæle jolekveld.

Til Farsund kommer Aasmund med sin navnebror Åsmund Reistad på gitar.