Valkyrien Allstars

Valkyrien Allstars er fyrst og fremst vokalist og felespelar Tuva Livsdatter Syvertsen, kjend frå Stjernekamp og Korslaget, og multiinstrumentalisten Erik Sollid.

Saman lagar dei musikk med solid forankring i folkemusikken samstundes som den er eksperimentell og nyskapande, heilt fri for dei klamme krampetrekningane mykje musikk innan dette feltet ber preg av.

Desse to, folkemusikkens svar på Lennon / McCartney, har toppa formen skikkeleg med den nye plata «Farvel til slekt og venner». Det har blitt ei nydeleg plate som er på den eine sida indie så det held utan nokon form for publikumsfrieri, men likevel med fengande komposisjonar og særs spennande og vitale arrangement på eldre tradisjonsstoff.

Magnus Larsen jr. på bass og Martin Langlie på trommer har synt seg å vera fabelaktige medmusikantar for gruppa og utgjer eit støtt og originalt lokomotiv med godt tak om asymetriske takter samstundes som dei er viktige bidragsytarar til dei elegante arrangementa gruppa produserer.

 

Nordsjøfesten -Farsund Fjordhotell
– Lørdag 27. august kl. 21.00 –

One thought on “Valkyrien Allstars

Comments are closed.