Sigurd Brokke

Sigurd Brokke er frå Valle kommune i Setesdal. Han spelar munnharpe og fører vidare ein tradisjonell spelestil. Sigurd har utvikla personlege slåtte- former, ofte med inspirasjon frå fleire kjelder. Han har i tillegg auka slåtte- tilfanget på dette eldgamle instrumentet ved å lage «nye» munnharpeslåttar. Desse slåttane er basert på fele- tradisjonen i Setesdal. Den siste CD- utgjevinga heiter «Munnharpe II», og kom ut i fjor. Sigurd Brokke har vunne Landskappleiken to gonger.

Verdenskonsert – torsdag

The 2nd Hand Band feat. Sigurd Brokke – Nordsjøfesten lørdag