Artist 2018

Gro Kjelleberg Solli er med!

Gro Kjelleberg Solli er aktuell med plata «Stien eg fann» (Ta:lik records 2018)

Plata inneheld folketonar og viser frå Møre og Romsdal og Østerdalen, samt eigenskrivne songar som «Naboens gyngestol» mm. Med seg på plata har ho musikarane Øystein Sandbukt, Erik Fostervoll og Marit Aspås.

På denne konserten får du høyre henne som solo folkesongar, i tillegg til samspel med duoen Reiersrud/Kleive.

Salmesong kan klinge sårt og nært i soloform og mektig og rytmisk i samspel. Du får også høyre bånsullar, slåttetrall og viser.

 

Om Gro Kjelleberg Solli:

Gro jobbar til dagleg som frilans folkesongar og som deltids musikkpedagog ved Os kulturskule (Østerdalen). Ho har vunne vokal klasse A to gonger på Landskappleiken, og er vel etablert innan folkesong- og folkemusikkmiljøet. Med utdanning frå Høgskolen i Telemark (Rauland) og Norges musikkhøgskole i Oslo har ho hatt læremeistrar som Sondre Bratland, Ragnhild Furholt, Kirsten Bråten Berg og Berit Opheim.

Gro har vakse opp på Nordmøre, men med ei mor frå Valle i Setesdal er også agderstoffet kjent og kjært for henne.

Vi gleder oss til å høre Gros sterke stemme!