Folkemusikkscena - Konsert med Aslak Brimi kvartett

 

Nye feleslåttar kledd medbarrysaks, bratsj og cittern! Tettvevd og intrikat. Dette er Aslak Brimi Kvartett. I front står felespelar Aslak Brimi frå Lom. Med seg har han fantastiske Bjørn Kåre Odde (bratsj/fele), Svein Tore Werstad (saksofon) og Espen Wensaas (citern/gitar).

Spelmannsmiljøet i Lom har alltid hatt mange som har laga slåttar sjølv, og Aslak Brimi fylgjer opp i denne tradisjonen. Det er rytmiske og suggerande slåttar, inspirert av den råe og kraftige gudbrandsdalske springleiken og hallingen. Det er og dei vare og nakne melodiane, rolege slåttar der arrangementa er enkle og nære.

Aslak Brimi frå Lom er mest kjend for sitt arbeid med tradisjonsmusikk frå Ottadalen, både innsamling, tradering og utøving. Han har grunnlaget sitt frå Lom spelmannslag, og gjekk i lære hjå lokale spelmenn. Aslak Brimi er ein aktiv felespelmann, og har gjeve ut mange album med tradisjonsmusikk både som aktør og produsent. Han fekk utmerkinga Årets Folkemusikar for 2016.

Bjørn Kåre Odde har gått same spelmannskule som Aslak i Lom spelmannslag, og tok vegen enda lenger på NMH. Dette har ført til at han er ein av dei råaste og mest spennande musikarane i miljøet. Espen Wensaas trakterer det som er av klimpreinstrumenter. Som slåttespelmann er han av dei beste: særegen og nyansert. Svein Tore Werstad og Aslak har spelt ilag med i over 10 år. Springleik og barytonsaksofon har vist seg å vere ein bra match. Werstad har ei rytme og melodikjensle mange kan misunne han. I lag som kvartett vert instrumenta fletta tett saman; intenst og fargerikt.

2.mars 2018 lanserer Aslak Brimi Kvartett sitt fyrste album ”VEV». Så det er med stor stas og ydmykhet vi inviterer til lanseringskonsert på Nordberg Fort.

Sted: Nordberg Fort
Dato: 3 mai
Tid: 19:00
Pris kr: 150,- 


Konserten er støttet av Norsk kulturråd. 

Artister 2017

Praktisk informasjon